"Kveldstur til Muspelheimen"

Fottur til Muspelheimen

Er ei stein-bu bygd av lærer og elever fra Lyftingsmo skole

Stedet ligg fint til over Lyftingsåa. Bok ligg i hytta.

Gå nordover langs skogsbilvegen. Vegen ligg over og bak jernbane lina. Gå til endes av vegen så går det en sti opp lia som om en stund svakt svinger nordover, over til du treffer en bru over åa, da er du der.

Du kan grille i utegruen. Det er en trolsk og stemningsfull plass for både barn og voksne.

God tur  

Tur til "Plassetra"

Fottur til Plassetra

 

Er ei seter som har vært i bruk men forfalt, der er det bygd en flott gapahuk i nyere tid.

Fin tur med merka tur sti, egner seg som kveldstur. Da går du skogsbilvegen nordover et stykke helt til du ser et skilt «Plassetra». Følg stien.

Går du på vinteren egner det seg best med truger 🙂

God tur

Tur til "Lorkverna"

Lorkverna – eit levande industrihistorisk kulturminne – møllebruk, vadmålstampe, jernblestring og kolbrenning.

Korleis koma til Lorkverna

Lordalsvegen tek av frå E-136 på Lora, skilta Lordalsvegen og Lorkverna. Etter ein km, vegkryss, køyr til venstre (ikkje gjennom bommen). Vidare bru over Lora, nytt kryss, køyr til høgre. Tre km langs smal veg, til parkeringsplassen. Derifrå er det gangstig 1,2 km til Lorkverna. Lett terreng, stigen egnar seg bra for barnevogn og rullestol.

Alternativ atkomst for store bilar er gangstigar frå  P-plassar langs Lordalsvegen, den eine 3,8 km frå bommen er skilta med Gml. Lorsagvegen (1 km gangstig til Lorkverna), den andre 4,6 km frå bommen er skilta til Lorfossen (1,5 km gangstig til Lorkverna). Bomavgift kr 20.

Omvising

Fredag – søndag ca. 20. juni – 20. august kl. 12.00-17.00. Lorkverna er elles open for besøk heile året.

UTM-posisjon: 32V Ø 481580 N 6887501

 

  • Avdemsbue åpningsdagen

    Reopninga av Avdemsbue vart nok hektisk på slutten, men det nye konseptet vart ynskja hjerteleg velkomment av sambygdingar og tilreisande laurdag.

    Det har vore butikkdrift ved Avdem sidan 1878, og etter Astrid og Brita gav seg med landhandelen i vår, såg Avdem Gardsysteri ei gyllen moglegheit. Dei hadde nok tenkt tanken med eit eiga utsal, og no smidde dei medan jernet var varmt.

    – Eg har vore med på mykje gjennom åra, men oppstarten av denne butikken har nok vore det trivelegaste eg har vore med på. Vi føler at vi har heile bygda i ryggen når vi har jobba med dette, sa Sigurd Avdem.

  • Avdemsbue

    Den nye butikksjefen, Anna Haugstad Avdem (23) kjem rett frå ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon i Trondheim. Saman med god hjelp frå familie og fleire har det vore lange netter og ein hektisk innspurt før opninga.

    – Det er nesten surrealistisk at det er mogleg å spankulere frå ein bachelorgrad og inn i denne ville butikkferda, som eg trur det kan kome til å bli, sa Anna.

    Ho påpeika at dette kun var mogleg med gardsysteriet som ei etablert bedrift i ryggen, og som tek den økonomiske satsinga.

    – Og ikkje minst fordi eg har to foreldre som er gründere, og som evnar å gjere idear verkelege. Dei er ikkje redd for dobbel arbeidsmengd og vel så det. Denne gong ofra dei alt, og pappa måtte bøte med ein finger då han laga kaffebardisk til meg, sa Anna til den store folkemengda som hadde møtt opp.


  • Avdemsbue innvendig


    Avdem Gardsysteri


    Tradisjonen for foredling av mjølk har vore sentral på Avdem i fleire hundre år, og kvinnane mjølka kyrne, kinna smør og ysta ost om somrane på Avdemssetra.
    Dagens ysteri starta med ein protestaksjon mot Tine, som la ned brunostanlegget på Lesja i 1997.
    Engasjementet frå aksjonsgruppa vart fyst ein idé om ein brunost med smakstilsetjing, seinare eit aksjeselskap, Lesja Kulturkjøkken AS, med mål om lokal verdiskapning, stifta av fem kvinner i 2001. Deriblant var Åse Haugstad, og frå 2002 til 2004 var det drive prøveproduksjon og utviklingsarbeid i midlertidige lokale.
    I 2005 vart det aksjeutviding og namneendring til Avdem Gardsysteri AS. Åse og Ingrid Vorkinn arbeidde ut i frå Huldreosten, og etterkvart kom Sigurd inn i drifta og det vart satsa på nytt ysteri.
    I fjor foredla ysteriet 116 000 liter mjølk, og selde 20 tonn ferdig produkt. Målet er å foredle mellom 150-160 000 liter mjølk. De har i dag 7 personer i arbeid på ysteriet. Gardsysteriet held til like vest for Avdemsbue.